RETNINGSLINER FOR TILSKOTT TIL MANUELL HOGST
Kven kan søke:
• Skogeigarar i Åseral med minimum 10 dekar produktiv skog.
Kva kan det søkast om tilskott til:
• Det kan gjevast tilskott til tynningshogst, lukka hogst og småflatehogst opp til 10 dekar
• Tilskott blir gitt for innmeldt kvantum mellom 15 og 100 m3.
Kor mykje skal den kommunale støtta utgjera:
• Det blir gitt tilskott til manuell hogst med kr 100 pr m3.
• Ein skogeigar kan ikkje søke om tilskott for meir enn 100 m3 per år.
Andre føresetnader:
• Manuell hogst føresett at hogsten vert utført med motorsag.
• Berre virke som blir omsett gjennom godkjente tømmeromsetterar kjem inn under ordninga.
• Tilskottet blir utbetalt ut frå innmålt tømmer etter virkesavrekning, inntil innmeldt kvantum. Dersom innmålt kvantum blir mindre enn 15 kubikkmeter, blir det ikkje utbetala tilskott. Utbetaling skjer etter avslutta drift.
Handsaming av søknader:
• Søknader blir handsama fortløpande så lenge det er midlar tilgjengeleg.
• Søknadsfrist er 1. november 2025 med frist 1. desember 2025 for krav om utbetaling.
• Innvilga søknader der det ikkje blir anmoda om utbetaling av tilskott innan 1. desember 2025 blir trekt attende.