Kommunestyret i Åseral vedtok i
sak 26-2023 å gi tilskott til ENØK-tiltak i bustader.
Støtteordninga omfattar
luft-luft varmepumper.
Formannskapet vedtok regelverk for
ordninga i sak 74/2023.
Kriteria for støtte
til luft-luft varmepumpe:
Det gis tilskott til innkjøp og montering
Generelle føresetnader for begge tiltaka:
Tiltaket må bli betalt av deg som
privatperson
Du må vera eigar av den aktuelle eigedomen der anlegget
blir installert
Kommunen har etablert eigne støtteordningar for
enøk-tiltak for næringslivet og landbruket. Ein kan ikkje få støtte til dei
same tiltaka frå fleire støtteordningar.
Arbeidet skal vera utført av fagfolk. Arbeidet
må utførast av personar som har naudsynt utdanning og autorisasjon. Dette er
viktig for å sikre at du får riktig installasjon av utstyret, og dermed den
kvaliteten du betaler for. I tillegg får du reklamasjonsrett og eventuelt
garantiar som sikrar anlegget ditt.
Tiltaket må være ferdig og all
fakturadokumentasjon for anlegget, inkludert fakturaer for innkjøp av utstyr,
material- og arbeidskostnader, må være datert innanfor dei siste 12 månadene før søknadsdato.
Endeleg tilskott blir utrekna ut frå innsendt
dokumentasjon
Det blir ikkje løyvd tilskott til kostnader
knytt til estetiske tiltak slik som til dømes
innebygging av varmepumpe etc.
Er noko uklart eller at du treng hjelp? Ta kontakt med Øyvin Moltumyr på epost oyvin.moltumyr@aseral.kommune.no eller telefon 911 36 483