Kommunalt utdanningsstipend
Søknadsfrist er 1. mars for hausthalvåret føregåande år, og 25. juni
for vårhalvåret inneverande år.
Alle søkjarar må vera folkeregistrert og ha heimebustad i
Åseral.
Halve summen kan utbetalast etter kvart semester.
Skulen/lærestad må då attestera at 1. halvår av skule/læreår er fullført.
Enten kopi av vitnemål, eller eit eige skriv som stadfestar
dette.
Husk stempel.
Bortebuarar må i tillegg til søknaden legge ved dokumenterte
leigeutgifter, f.eks. husleigekontrakt eller kvittering for betalt husleige.
Ved skule/læreårets slutt er det søkjar sjølv som er
ansvarleg for å levere dokumentasjon på fullført skulegang/læretid. Då blir
siste halvår utbetalt.
Gjeldande reglar finn du her!
Ved ufullstendig utfylling av søknad og manglande stadfesting vil søknaden bli avvist!