Den som kan søkja jfr. gjeldande reglement er:
Alle hus
med fast busetnad som stettar krava i pkt. 3.2 og kvar bueining langs vegen som
blir brøytt.
Reglar
for brøyting av private vegar, er å finne på Åseral kommune si heimeside, under
tilskotsordningar. Underskrivne søkjer med dette Åseral kommune om å få brøytt
vegen, for vintersesongen 2024/2025 (oktober – april).
Vi er
merksame på at dersom einingsleiar for samfunnsutvikling godkjenner vegen til
brøyting, må vi betala ei avgift til kommunekassen. Årsavgifta for vinteren 2023/2024 er slik,
men kan bli regulert for sesongen 2024/2025
-
Årsavgift for veglengde: 75 –
150 m. Kr. 6 126
inkl. mva.
-
Årsavgift for veglengde: 150 – 350
m. Kr. 8 320 inkl. mva.
-
Årsavgift for veglengde større enn 350 m blir handsama i kvart einskild
tilfelle.
Vi
er også klar over at veglengda for å få kommunal brøyting er sett til 75 m og
at kommunalsjef for drift og utvikling
berre gjer avvik dersom særlege høve føreligg, så som sjukdom, uførhet, etc.
Vi
er merksame på at vi sjølve må syte for at det blir sett opp brøytestikker og
at vegen er tilrettelagt for brøyting med traktor og fres.
Vi
godtek også at kommunen ikkje har ansvar for skader og ulemper som brøytinga
måtte føra med seg.
Søknaden må vera innkomen til Åseral
kommune innan 30. september 2024. Søknader som ikkje er innkomen i
rett tid, kan ikkje rekne med å få kommunal brøyting for vintersesongen
2024/2025.