Kommunestyret i Åseral skal i møte 17.12.2024 handsame alkoholpolitisk handlingsplan som skal vere gjeldande i denne kommunestyreperioden. I mangel av endeleg vedtak så blir ikkje denne kopla opp her, men framlegg til handlingsplan blir sendt ut, og så blir søkndadar handsama ETTER at endeleg vedtak i kommunestyret er fatta.
Det er slik at alle som har faste sal- og skjenkeløyve må søke fornying for denne perioden. Skjemaet vert også nytta til å oppdatere informasjon om t.d. skjenkestyrar og eigarskap.
Alle dagens løyve gjekk i utgangspunktet ut 30.09.2024, men etter brev sendt ut i mai 2024 ver denne løyveperioden forlenga til 31.12.2024. Det er kort tid for handsaming mellom kommunestyret si handsaming og løyveperiode som gjeld til og med 31.12.2024, så derfor hastar det med å få inn søknad. Det er difor viktig at dykk sender inn dette skjemaet SNARAST slik at nytt løyve kan bli fatta før 31.12.2024.
Kunnskapsprøva
Alle som vil verte godkjent som dagleg leiar/styrar ved stadar som har, eller skal søke om skjenke- og salsløyve, må ha avlagt og bestått kunnskapsprøva. Dette gjeld også stedfortreder.
Pris for tenesta
Alle som innehar en sals eller skjenkeløyve skal kvart år betale et gebyr til kommunen, jfr. alkohollovens § 1-7. Gebyret skal reknast på grunnlag av forventa omsatt mengde alkoholholdig drikk.
Det er og eit minstegebyr som vert endra årleg. Desse finn du i alkoholforskrifta §6-2
Samarbeidspartar
- Vaktselskap/kontrollører
- Politi (skal uttale seg om søkjaren og sentrale personar sin vandel)
Lokalt regelverk
Alkoholpolitisk handlingsplan blir lagt ut som lenke her når den er endeleg vedteke. Framlegg til handlingsplan blir sendt ut til alle faste løyveinnehavarar
Brosjyre:
Kunnskapsprøva - informasjon frå helsedirektoratet
Regelverk
Lov om omsetjing av alkoholhaldig drikk (alkohollova)
Lov om serveringsverksemd (Serveringslova)
Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltingslova)
Handbok i alkohollova (Helsedirektoratet)
Forskrift om omsetnad av alkoholhaldig drikk (Alkoholforskrifta)